«Min» første motoriserte 2-hjuling. Raufoss 112 1960. Med skilt-nummer E-75401. Eigentleg var det onkel min som åtte denne mopeden. Men far hadde fått låne den, og som 14-åring var dette eit artig kjøretøy. Eg lakkerte sykkelen i blå metallik. Eg bygde inn lykta i eit «dash-bord» med lamper for fri, brems og blinklys. Men vart aldri ferdig. For både fram-gaffel og ramme brotna. Sykkelen var ikkje egna for å hoppe. Ellers var det moro å «trimme» desse syklane. Endra utveksling med dreving fram og bak. Og sette på eit feitare bakdekk. Borra opp kanalane, og sette på forgasser frå en 4,2Hk Zundapp. Vart målt til 110km/h på flat veg. Men på tur til Grotli vart det for tungt, og veiva bøyde seg…