Honda CX500C 1981. Denne sykkelen var laga av Honda etter at dei hadde bygd Goldwing 1000. Sykkelen har derfor høgare(?) kvalitet(og større vekt) enn standard Honda CB. Den kosta også mykje meir, og av den grunn vart det ikkje volumsalg i Norge. Sykkelen kjøpte vi for at kona skulle kjøre sjølv. Men kona likte betre å sitja på baksetet av Goldwingen. Derfor vart sykkelen seld til ein kamerat. Han var uheldig og vraka sykkelen i Oslo-trafikken. Etter at sykkelen hadde stått i delar nokre år, fekk eg tilbod om å kjøpe vraket. Prisen var å betale for dei nye delane han hadde kjøpt inn, lykt, speil, styre etc. Etter litt arbeid med gjenoppbygging og overhaling av forgassere var sykkelen klar til bruk at. Dattera fekk denne og nytt førarkort i 30-års gave. Den er fortsatt klar til bruk.