DKW RT3 1937 modell. Dette var førkrigstidas folkevogn… Far kjøpte denne sykkelen ny i 1937. DeLux utgave 640 kroner. 26» hjul, kan væra vanskeleg å få tak i dekk. Sykkelen har hatt fleire eigarar. Eg fekk tak i sykkelen i 1971. Da var alt i småbitar, ramma var bøyd. Oppussingsobjekt som var ferdig i 2013. Dette er bilde av sykkelen i Skjåk på far sin 80-års dag i 1992. Denne dagen vart sykkelen starta opp for fyrste gong etter oppussingsarbeid. Det var artig. Sykkelen blir starta ein gong i blandt, og den er ikkje vanskeleg. Modellen vart seinare utvilkla til DKW 125/IFA 125/MZ 125/KMZ 125 etc. som vart den mest produserte to-takts motoren i verda. Sykkelen har sonen min arva.